Dette er nettsida om kunststipendiatprosjektet til Ingrid E. Hagen:
Fornuft og kjense – å framføre musikk av Carl Philipp Emanuel Bach.
Her finn du aktuell info om konsertar og publikasjonar, og kan lese den til ein kvar tid gjeldande prosjektskildringa.

Ta for all del kontakt dersom du lurer på noko, eller har info Ingrid burde ha kjent til, eller er riv ruskande uenig i noko! Du kan også vitje prosjektet på Facebook.

 

Avslutningskonsert: Å framføre musikk av Carl Philipp Emanuel Bach
303640_4481124583298_250510224_nI møtet med Carl Philipp Emanuel Bach sin komplekse og uttrykksfulle musikk – med klavikordet, som er like intenst og nyanserikt som det er sart og lydsvakt – med tankane om musikalsk empati; der utøvar og lyttar saman opplever det sanne innhaldet og kjenslene i musikken – oppstår ein trong til nærleik, intimitet.
Men kor nær kan me kome? Kor nær vil me kome?
Nær nok til å høyre instrumentet. Nær nok til å forstå kva musikken seier – til å følgje med i alle dei vedunderlege svingane av – skarpt vidd. Djupaste alvor. Ømmaste kjærteikn. Boblande glede. Tanken som ikkje let seg – let… seg… – …
Men så knirkar golvet. Nokon snur på seg. Klarar ikkje høyre. Kvifor speler ho så svakt? Klarar ikkje forstå. Så mange notar. Fryktelig fort heile tida! Kven var no eigentleg denne fyren – det er veldig lenge sidan han levde?

Ingrid E. Hagen har fordjupa seg i spenningsfeltet mellom intimitet og avstand. Ho har prøvd ut ulike måtar å kome nærmare på, kjend på motstanden som oppstår i ulike situasjonar.
interiorPå avslutningskonserten vil publikum få oppleve dette spenningsfeltet. Klavikordmusikk triangulert med skjønnlitterære og poetiske tekstar, varmande kammermusikk framført saman med Øivind Nussle (fiolin) og Hans Gunnar Hagen (bratsj), samt eit så nært møte med klavikordet at du ikkje kan kome nærmare.
Dessutan vil det bli vist filmutdrag frå tidlegare delar av prosjektet, og CD’en für Kenner und Liebhaber blir sleppt på konserten.

14. november kl. 18, på Stranges Stiftelse, Klostergt. 28 på Nordnes.

Hjarteleg velkomen!

 

 

für Kenner und Liebhaber: CD-slepp i november!
für Kenner und Liebhaber, EUCD 104
Som ein del av projektavslutninga har eg spelt inn plate. Her finnst eit utval klavikordmusikk frå dei seine klaversamlingane “für Kenner und Liebhaber”.
Plata vart spelt inn i vakre Hamre kyrkje på Osterøy i april, med uvurderleg hjelp av produsent Signe Bakke og teknikar Davide Bertolini.
Den blir utgjeven på Euridice (EUCD 104), og sluppe på avslutningskonserten for prosjektet i november.
Forsidebiletet er måla i 2009 av den eminente Atle Skudal, som er generøs nok til å låne meg biletet sitt.

Eldre postar ->

WordPress Login Protected by Clef