Dette har skjedd

Konsert på Damsgård Hovedgård med Ingvill M. Holter

Konsert på Damsgård Hovedgård med Ingvill M. Holter

Tandeleier 1, 17. juni 2012

Ein treng tid for å ta inn alle aspekt ved musikalsk stoff. På konsertar speler ein stykkjet éin gong, og publikum har ingen sjanse til å få med seg alle nyansane og lag av forståing som utøvarane har brukt lang tid på å førebu og setje seg inn i.

I denne konserten brukte me ein time på å presentere 15 minutter musikk. Me diskuterte med publikum dei ulike nyansane som oppsto ved ulike måtar å framføre musikken på:
Instrumentalmusikk vart tilført tekst, teksten vart presentert på norsk, både munnleg og projisert på veggen.

Det kom mange fine innspel frå publikum, og eg er svært takksam for deira generøsitet.
Konseptet vil bli vidareutvikla, og nye eksepriment vil finne stad i løpet av hausten, sjå planar her.

Konserten var arrangert i samarbeid med foreningen Antikk Musikk og Bymuseet i Bergen.

Plutselig Festspill!

Plutselig Festspill!

Ingrid og klavikordet deltok på eitt av Festspillene i Bergen sine ad hoc-arrangement: Musikkstudentar var inviterte til å dukke opp og spele korte innslag på uventa stadar i byen.

Med dette i bakhovudet var eg nok førebudd på ein litt meir kreativ turneplan enn utelukkande restaurantar. Sjølv om eg kom brasande inn med forsterkar og greier vart eg likevel veldig raskt til taffelmusikk.

Men kartet stemmer heldigvis ikkje alltid med terrenget, og eg tok meg høve til å flytte spelestad eitpar gongar – t.d. ut i resepsjonen i SAS-hotellet på Ole Bulls plass som ein kan sjå på biletet.

Det er fryktelig vanskelig å skape seg eit rom for å kunne formidle musikk i ein slik ikkje førebudd setting. Sjølv om eg hadde det mest moro då eg spelte på andre stadar enn på restaurantane, fungerte i grunnen ingen av settingane særlig godt.

Eg skal utfordre meg sjølv igjen for å sjå om eg greier skape ein betre formidlingssituasjon dersom eg tek meir plass – altså både vert meir synleg, og lagar kraftigare lyd: Eg skal spele på Bryggen og på Hanseatisk Museum, voneleg medan det framleis er turistar og fint ver komande månad.

Bilete frå heisanordning på Bryggen in Bergen: Her får klavikordet vere med i ein 1700-tals vareheis.

Stipendiatsamling mars 2012

Stipendiatsamling mars 2012

Eg presenterte prosjektet på samling for alle stiepndiatane på Voksenåsen den 19. mars. Eg greidde få med klavikordet (via tog og buss!) for å kunne spele. Vanskeleg å formidle kva prosjektet handlar om utan musikk! Dessutan lagde eg ein plakat for å presentere strukturen i prosjektet – slik den ser ut for meg no.

Rondo Wq65-1