Browsed by
Category: Gjennomførte prosjekt

Gjennomførte prosjekt

Tidligmusikk: HIP som happ?

Tidligmusikk: HIP som happ?

Gjer klar for overtyre til Olav Tryggvason og eit skeivt blikk på det eine og det andre.
Kva ville Bach ha sagt? Om han visste at me graver i musikken hans og studerer nitidige detaljar i korleis dei GJORDE DET for 300 —trehundre— år sidan??!
Hugs å få med ein skillingsbolle i handa før du kjem.
Her finn du Programoversikt 7.6.15.
Plakat 7.6.15

når ein øver songane som / ligg bak / kan vi få ein finger med i spelet

når ein øver songane som / ligg bak / kan vi få ein finger med i spelet

Plakat for heimesideEmanuel Bach sin musikk og Laurence Sterne sin litteratur har fascinerande parallellar – både i uttrykk og struktur. I lys av Are Frode Søholt sin lyrikk, reflekterer Ingrid kring korleis avstand i tid og kultur etterkvart opplevast fryktelig irrelevant.
(C. P. E. Bach: Sonaten für Kenner und Liebhaber, Are Frode Søholt: Luftorkester, Laurence Sterne: A Sentimental Journey, Ingrid Hagen: Klavikord, lesing og refleksjonar. Instruksjon og rettleiing: Ragnhild Gudbrandsen.)
Konserten fann stad 12. april i Bergen gamle Latinskole, arrangert i samarbeid med Antikk Musikk og Bymuseet i Bergen.

Gåsehud og hjertebank!

Gåsehud og hjertebank!

Fyrste radioprogram i serien om musikk og kjensler av Mari Giske vart sendt på NRK P2 2. påskedag (6. april). Her bidreg Ingrid med affektlæreskole. Du finn programmet på nettradio her. Dei neste programma i serien vil truleg bli sendt i sommar.

SANGUINEUS & MELANCHOLICUS

SANGUINEUS & MELANCHOLICUS

Konsert: Instrumentalmusikk med tekst!

Denne gongen er det Emanuel Bach sjølv som har skrive masse masse små kommentarar – til ein heil triosonate! Han forklarer faktisk med fotnoter kva dei to fiolinane seier til kvarandre – frå utsegn til utsegn. Det er veldig morosam og lærerik lesing, men korleis i alle dagar skal ein bruke all denne informasjonen når ein faktisk skal spele musikken? Går det an å formidle all informasjonen til publikum?
Kom og bli med på eit nytt eksmeriment som tek sikte på å trenge litt dypare inn i den musikalske materien.

Konserten vart arrangert i samarbeid med Bymuseet i Bergen, 3. november 2012.