Om prosjektet

Om prosjektet

Ingrid Hagen vart stipendiat i Programmet for Kustnerisk Utviklingsarbeid 1. oktober 2011.

Rettleiarar:
Professor Torleif Torgersen (Griegakademiet, Universitetet iBergen) – hovudrettleiar
Dr. Maria Bania (Högskolan för scen och musik, Göteborgs Universitet) – birettleiar

Innleiing til prosjektskildringa:

Motivasjonen for prosjektet er ein djup fascinasjon for musikken til Emanuel Bach, og eit ønskje om ikkje berre studere den sjølv for å forstå mest mogeleg, men også få lov til å formidle mest mogeleg av det eg finn til alle som vil høyre på.
Musikken kan til tider verke vanskeleg å kome inn på: Den er vanskeleg å spele, både teknisk og musikalsk, den er fryktelig tettpakka med innhald, og kan også vere full av lange repeterte seksjonar. Men gjennom den kompakte overflata bryter det eit personleg uttrykk som kan ta pusten frå ein.
Det er mange lag i musikken, og mange spørsmål å ta stilling til. Kva spørsmål som blir stilt, er avhengig av både fagleg og personleg innfallsvinkel: Ein utøvar som arbeider med eit prosjekt innan kunstnarleg utviklingsarbeid stiller – iallfall dels – andre spørsmål enn dei som blir arbeidd med i musikkvitskapleg samanheng. Konklusjonane vert slik annleis, der metoden er annleis.
Dei subjektive kvalitetane i repertoaret ser også ut til å tale svært direkte til kvar enkelt som fascinerast av det. Så også meg; eg har mine heilt eigne spørsmål som dukkar opp i møtet med repertoaret. Det er dette som gjer denne musikken eksistensiell for meg, og det er her eg vonar å tilføre fagfeltet noko nytt: Som utøvar, både innan feltet Kunstnarleg Utviklingsarbeid, og i mitt personlege møte med Emanuel Bach sin musikk.
Sjå fullstendig Prosjektskildring, revidert i september 2016