Browsed by
Author: Ingrid E Hagen

Tekst publisert!

Tekst publisert!

DeClavicordioXIforsideThumbnailRefleksjonar kring mine “Plutselige Konsertar” samt Tandeleier, og den moderne konsertsituasjonen versus historisk konsertering har endeleg kome ut:

«Sharing the affects of the music» in De Clavichordio XI, Proceedings of the XI International Clavichord Symposium, Magnano, 3 − 7. September 2013. Eds. Bernard Brauchli, Alberto Galazzo, Judith Wardman. International Centre for Clavichord Studies. Copyright 2014, Musica Antica a Magnano.

Boka kan kjøpast frå det Internasjonale Klavikordsenteret i Magnano. Den blir også snart å finne på Universitetsbiblioteket i Bergen.

SANGUINEUS & MELANCHOLICUS

SANGUINEUS & MELANCHOLICUS

Konsert: Instrumentalmusikk med tekst!

Denne gongen er det Emanuel Bach sjølv som har skrive masse masse små kommentarar – til ein heil triosonate! Han forklarer faktisk med fotnoter kva dei to fiolinane seier til kvarandre – frå utsegn til utsegn. Det er veldig morosam og lærerik lesing, men korleis i alle dagar skal ein bruke all denne informasjonen når ein faktisk skal spele musikken? Går det an å formidle all informasjonen til publikum?
Kom og bli med på eit nytt eksmeriment som tek sikte på å trenge litt dypare inn i den musikalske materien.

Konserten vart arrangert i samarbeid med Bymuseet i Bergen, 3. november 2012.

Plutselig Musikk på Bryggen

Plutselig Musikk på Bryggen

Den 31. august 2012 klarna haustregnet for ei stund, så eg kunne ta med klavikordet og spele på Bryggen. Det var svært utfordrande å fange den konsentrasjonen som skal til for å lytte til intens klavikordmusikk frå dei som gjekk forbi – som forventa! Likevel var det fleire som stoppa og lytta med interesse.
Fordi klavikordet volummessig er eit mildt sagt nabovenleg instrument, måtte eg bruke forsterking utandørs. Dette gjorde kanskje at eg mista den ekstreme intimiteten som elles er ein viktig kvalitet ved instrumentet.

Eg prøvde også her ut skilnaden mellom å spele i “nøytrale” klede – her kvardagsklede, og barokkjole. Som i Hanseatisk Museum såg det ut til at barokkjolen vart ein interessefangar. Dei som verkeleg var interesserte i musikken stoppa likevel uansett kva eg hadde på meg.

 

 

TANDELEIER 2

TANDELEIER 2

Konsert med Ingvill Holter (sopran)

Ein treng tid for å ta inn alle aspekt ved musikalsk stoff. På dei aller fleste konsertar speler ein musikken éin gong, og publikum har ingen sjanse til å få med seg detaljane. Presentasjonsforma gjer også inntrykk av at det berre finnest éin ideell måte å spele musikken på, og så er det berre om å gjere at utøvaren er flink nok, slik at ho får det til. Denne konserten bruker ein time på å presentere 15 minutter musikk. Utøvarar og publikum diskuterer saman dei ulike nyansane som oppstår ved ulike måtar å framføre musikken på. Me ser spesielt på kva som skjer med oppfattinga av instrumentalmusikk når ein tilfører tekst.

Konserten blei arrangert i samarbeid med Logen Teater og Kafe Chagall, 16. september 2012.

 

Plutselig Musikk på Hanseatisk Museum

Plutselig Musikk på Hanseatisk Museum

Ingrid og klavikordet besøkte Hanseatisk Museum på Bryggen i Bergen den 7. august. Me spelte for ein mengde turistar, og prøvde ut korleis ein kan skape kontakt med folk ved å gjere seg synleg/usynleg på ulike måter.
Eg vart overraska over at det vart lettare å samle fokus om musikken då eg hadde på meg barokkjole: Den vart eit blikkfang, sjølvsagt. Men i staden for å ta merksemda vekk frå det eg eigentleg ville ha fokus på – musikken – samla den positiv interesse, som eg kunne ta med meg inn i formidlingssituasjonen.
Kanskje den verka som ein slags uniform eller kostyme – at den signaliserte at eg jobba der og derfor var lov å snakke med.
Då eg tok på meg svart konsertkjole vart det mykje vanskelegare å kome i kontakt med folk: Dei såg mykje meir brydd ut då eg snakka til dei.