Browsed by
Category: Gjennomførte prosjekt

Gjennomførte prosjekt

Plutselig Musikk på Bryggen

Plutselig Musikk på Bryggen

Den 31. august 2012 klarna haustregnet for ei stund, så eg kunne ta med klavikordet og spele på Bryggen. Det var svært utfordrande å fange den konsentrasjonen som skal til for å lytte til intens klavikordmusikk frå dei som gjekk forbi – som forventa! Likevel var det fleire som stoppa og lytta med interesse.
Fordi klavikordet volummessig er eit mildt sagt nabovenleg instrument, måtte eg bruke forsterking utandørs. Dette gjorde kanskje at eg mista den ekstreme intimiteten som elles er ein viktig kvalitet ved instrumentet.

Eg prøvde også her ut skilnaden mellom å spele i “nøytrale” klede – her kvardagsklede, og barokkjole. Som i Hanseatisk Museum såg det ut til at barokkjolen vart ein interessefangar. Dei som verkeleg var interesserte i musikken stoppa likevel uansett kva eg hadde på meg.

 

 

TANDELEIER 2

TANDELEIER 2

Konsert med Ingvill Holter (sopran)

Ein treng tid for å ta inn alle aspekt ved musikalsk stoff. På dei aller fleste konsertar speler ein musikken éin gong, og publikum har ingen sjanse til å få med seg detaljane. Presentasjonsforma gjer også inntrykk av at det berre finnest éin ideell måte å spele musikken på, og så er det berre om å gjere at utøvaren er flink nok, slik at ho får det til. Denne konserten bruker ein time på å presentere 15 minutter musikk. Utøvarar og publikum diskuterer saman dei ulike nyansane som oppstår ved ulike måtar å framføre musikken på. Me ser spesielt på kva som skjer med oppfattinga av instrumentalmusikk når ein tilfører tekst.

Konserten blei arrangert i samarbeid med Logen Teater og Kafe Chagall, 16. september 2012.

 

Plutselig Musikk på Hanseatisk Museum

Plutselig Musikk på Hanseatisk Museum

Ingrid og klavikordet besøkte Hanseatisk Museum på Bryggen i Bergen den 7. august. Me spelte for ein mengde turistar, og prøvde ut korleis ein kan skape kontakt med folk ved å gjere seg synleg/usynleg på ulike måter.
Eg vart overraska over at det vart lettare å samle fokus om musikken då eg hadde på meg barokkjole: Den vart eit blikkfang, sjølvsagt. Men i staden for å ta merksemda vekk frå det eg eigentleg ville ha fokus på – musikken – samla den positiv interesse, som eg kunne ta med meg inn i formidlingssituasjonen.
Kanskje den verka som ein slags uniform eller kostyme – at den signaliserte at eg jobba der og derfor var lov å snakke med.
Då eg tok på meg svart konsertkjole vart det mykje vanskelegare å kome i kontakt med folk: Dei såg mykje meir brydd ut då eg snakka til dei.

Konsert på Damsgård Hovedgård med Ingvill M. Holter

Konsert på Damsgård Hovedgård med Ingvill M. Holter

Tandeleier 1, 17. juni 2012

Ein treng tid for å ta inn alle aspekt ved musikalsk stoff. På konsertar speler ein stykkjet éin gong, og publikum har ingen sjanse til å få med seg alle nyansane og lag av forståing som utøvarane har brukt lang tid på å førebu og setje seg inn i.

I denne konserten brukte me ein time på å presentere 15 minutter musikk. Me diskuterte med publikum dei ulike nyansane som oppsto ved ulike måtar å framføre musikken på:
Instrumentalmusikk vart tilført tekst, teksten vart presentert på norsk, både munnleg og projisert på veggen.

Det kom mange fine innspel frå publikum, og eg er svært takksam for deira generøsitet.
Konseptet vil bli vidareutvikla, og nye eksepriment vil finne stad i løpet av hausten, sjå planar her.

Konserten var arrangert i samarbeid med foreningen Antikk Musikk og Bymuseet i Bergen.

Plutselig Festspill!

Plutselig Festspill!

Ingrid og klavikordet deltok på eitt av Festspillene i Bergen sine ad hoc-arrangement: Musikkstudentar var inviterte til å dukke opp og spele korte innslag på uventa stadar i byen.

Med dette i bakhovudet var eg nok førebudd på ein litt meir kreativ turneplan enn utelukkande restaurantar. Sjølv om eg kom brasande inn med forsterkar og greier vart eg likevel veldig raskt til taffelmusikk.

Men kartet stemmer heldigvis ikkje alltid med terrenget, og eg tok meg høve til å flytte spelestad eitpar gongar – t.d. ut i resepsjonen i SAS-hotellet på Ole Bulls plass som ein kan sjå på biletet.

Det er fryktelig vanskelig å skape seg eit rom for å kunne formidle musikk i ein slik ikkje førebudd setting. Sjølv om eg hadde det mest moro då eg spelte på andre stadar enn på restaurantane, fungerte i grunnen ingen av settingane særlig godt.

Eg skal utfordre meg sjølv igjen for å sjå om eg greier skape ein betre formidlingssituasjon dersom eg tek meir plass – altså både vert meir synleg, og lagar kraftigare lyd: Eg skal spele på Bryggen og på Hanseatisk Museum, voneleg medan det framleis er turistar og fint ver komande månad.

Bilete frå heisanordning på Bryggen in Bergen: Her får klavikordet vere med i ein 1700-tals vareheis.